Vurderinger til travritt.no sitt monteløp....

16.09.2009

Torsdagens 1.løp er et monteløp sponset av travritt.no. Vi har fått travritt.no sin representant Charlotte Steine til å vurdere hestene i løpet. PS ! Gjer merksam at innlegget er skrive på nynorsk.

Travritt.no's montéløp på Bergen Travpark 17. september 2009

 

Det er eit jamnt løp denne gongen. Mange av ekvipasjane har mogelegheit til å klatra til topps.

 

Super Victor har gjort gode løp i monté tidlegare, med to strake andreplassar kan kanskje sigeren koma no? Maitre Titan går gode løp når han er i orden. Eva Hellem seier travet fungerer betre no, og då må han reknast som ein av dei fremste.

Company Ås er ein nykommar frå Sverige. Kan visa til 1.17,9 over 2144 meter autostart i siste montéstart. Det skal normalt rekkja  langt i Bergen. Queen Of Harzbeck, Nobs og Magic Brazz debuterer alle saman i monté. Nobs gjekk eit fint prøveløp, men gjekk åleine då. Gjekk ny rekord i sist sulkyløp. Ein spennande nykommar som kan visa seg å duga i monté. Magic Brazz gjekk 1.19,1 åleine i prøveløpet, og må henta 40 meter tillegg. Det kan verta ei utfordring, men ho skal reknast med vinnarsjanse.

Crown Chip, Draw Arnie og Cickan Laday har alle gått gode løp i monté. Crown Chip har vist at han kan i monté tidlegare, men har ikkje vist det i dei siste startane. Tillegget feller kanskje Cickan Laday. Feilfritt kan alle dukka opp på trippelen. For Fiveelevennews er det premie som gjeld.

Rangering: 7 – 8 – 10 – 5 – 4 – 1 – 6 – 3 – 9 – 2

 

Kommentarer:

 

1. Crown Chip: Det er ein brukbar hest om han går feilfritt. Eg har tru på ein trippelplass, seier rytter Renate Aarlie.

 

2. Fiveelevennews: Han er normalt betre enn Crown Chip feilfritt. Gjekk godt i prøveløpet og eg trur han kan gå i underkant av 1.20 feilfritt. Det er nok premie som gjeld for han, fortel tidlegare rytter Ida Sjursen.

3. Queen Of Harzbeck: Eg godkjente ho for to månadar sidan, då gjekk ho 1.21,1. Ho er travsikker, ikkje så rask, men ho vert nok skjerpa med konkurranse. Me er nøgd med premie, seier rytter Charlotte Matre.

4. Super Victor: Har gått bra i monté tidlegare, står no på 20 meter, men har fordel av full distanse. Det er best mogeleg premie som gjeld, seier trener Odd Storetvedt.
Han har eit fint løp på papiret og har fordel av at det er 2100 meter. Han er meir sterk enn hurtig. Feilfritt trur eg han er blant dei tre, fortel rytter Hege Karin Arverud.


5. Nobs: Det er første gong ut i monté, og viss han kjem greit frå start satsar me på ein premie, seier rytter Stine Beate Hjartholm.

6. Draw Arnie: Han er i form no. Sist han starta hadde han problem med halsen, men det skal vera i orden no. Eg trur eg er med på trippelen, seier rytter Oda Mykkeltvedt.


7. Maitre Titan: Han travar betre no enn han har gjort på lenge, og me har derfor ambisjonar, fortel rytter Eva Hellem.

8. Company Ås:
Eg kjenner ikkje hesten, men det er spennande med ny hest. Eg håper sjølvsagt på best mogeleg premie, seier rytter Caroline Morken.

9. Cickan Laday:
Han har fordel av 2100 meter med tanke på tillegget. Han er travsikker, men har vore litt eintakta i monté. Om det vert mange galoppar, hentar han mange, fortel tidlegare rytter Ida Sjursen.
Eg har aldri ridd hesten før, men etter det eigar og andre rytterar har fortalt er han travsikker og fin å ri. 40 meter tillegg er minus, men me satsar på ein god premie, fortel rytter Tine Moldestad.


10. Magic Brazz:
Ho gjekk fint i prøveløpet, då gjekk ho 1.19,1 heilt åleina. No kjem ho ut med draskylappar og proppar. Eg synest ho bør vera sigersaktuell med nokre fine ryggar undervegs, seier trenar og eigar Kenneth Handeland.