Lokal monterytter med ambisjoner

05.08.2010
Artikkelbilde
Caroline B.Morken er en monterytter som trolig kommer til å bite godt i fra seg i tiden som kommer.

Allereie som 16-åring vann Caroline L.B. Morken sitt første løp. Saman med sin eigen Takeover Ås skreiv ho seg inn i historiebøkene, då ho vann montéløpet på Jarlsberg Grand Prix-dagen.

Ho har også ridd løp både på Oslo Grand Prix-dagen og på Forus Open-søndagen. I mai gjekk ho til topps i Norsk Travamatørforenings Montécup, som den fyrste vinnaren gjennom tidene av ein norsk montécup.

Navn: Caroline L.B. Morken
Alder: 17 år
Bane: Bergen Travpark
Kva gjer du på til vanleg skule/jobb: Allmenn påbygging på skole, og jobber på Shell.

Caroline kom inn i travsporten i 2000. Då mora vart sambuar med travtrener Gaute Lura, vart det meir trav på timeplanen. Caroline fekk då sin eigen ponni og byrja å køyra ponniløp.

- Eg synest det såg kjekt ut med monté, og tenkte at det kanskje kunne vera noko for meg sidan eg er glad i å konkurrera. Montésporten er eit flott tilbod for oss jenter etter me er ferdige med ponni, fortel Caroline om kvifor ho starta med sporten.


Første sigeren
I sin fyrste sesong tok Caroline tre sigrar, ein andre, ein tredje og fem premiar på tretten startar. Den første, og største, sigeren kom med Takeover Ås på Jarlsberg Grand Prix-dagen. Alle trippelplasseringane tok ho med same hesten.
- Takeover Ås er ikkje den lettaste hesten å ri, men han har lært meg veldig mykje. Han ville ha ting på sin måte, men han prøvde alltid så godt han kunne. Det var veldig kjekt å vinna med han på Jarlsberg, spesielt sidan han var min eigen hest. Eg hadde ikkje trudd det på førehand, men han var i god form då. Det var veldig stort for meg, fortel Caroline stolt.

Førebuing
Fire gongar i veka trenar Caroline fotball, i tillegg rir ho mykje. Målsetjinga hennar er å forbetra sitsen sin, og ri fleire løp, gjerne for andre.
- No har eg har blitt roligare i løpa enn tidligare, og tør å sitja på vent. I tillegg har eg fått meir rutine, vurderer tempoet betre og rir godt i felt, seier Caroline.
Før ho skal ut i løp les ho programmet, og vurderer motstandarane.
- I førebuingane høyrer eg med eigaren korleis dei vil at eg skal ri, fordi eg synest det er viktig å ri slik ein får beskjed om. Eg snakkar og med tidlegare rytterar for å finna ut av dei svake og sterke sidene til hesten, fortel Caroline.

OGP, NTAF og Forus Open
På grunn av autostartreglane kunne ikkje Caroline ri dei store løpa i sin fyrste sesong, men allereie i sin andre sesong fekk Caroline ri på dei store dagane. Fyrst var ho med på Unionskampen på Momarken, men det enda i galopp med Balder Exclusive, så fekk ho ri på Bjerkebanen under Oslo Grand Prix-dagen.
- Eg var veldig nervøs framføre løpet på Bjerke, sidan Balder ikkje hadde gått feilfritt i monté, men det var veldig spesielt å få ri ein slik dag. Det kribla i heile kroppen då dei ropte opp namna våre i defileringa. Eg har vore veldig heldig som har fått ri på slike dagar, seier Caroline.
I mai kvalifiserte Caroline seg til finalen i Norsk Travamatørforenings Montécup. Finalen gjekk på Jarlsberg 22. mai. På grunn av at det var få melde hestar til løpet, rei Caroline Company Ås som vert trent av Gaute Lura. Etter ei fin reise i andrespor, kunne dei speeda ned resten av feltet og fullføra til ein flott siger, og skriva seg inn i historiebøkene på nytt, som den fyrste vinnaren av ein montécup i Noreg.
- Eg var ikkje så oppteken av at det var finale, det viktigaste for meg var å gje Company eit fint løp og at han fungerte skikkeleg. I den siste svingen hadde eg aldri trudd me kunne vinna. Det var eit bra opplegg, men det er trist at det vart meldt så få hestar, meiner Caroline.
I starten av juli var det Forus Open. Også denne dagen fekk Caroline ri. Ron Keeper trava under salen hennar denne gongen. Saman fullførte dei på raske 1.13,8, men enda utanfor premieskalaen.
- Det er stort å få ri med så mykje publikum, og det gjekk kjempefort dette løpet. Eg hadde aldri trudd at Ron Keeper kunne gå så fort, berre to månader etter operasjonen, fortel Caroline entusiastisk.

Ung

Caroline er ein av dei unge rytterane som har fått lov å vera med på mykje innan montésporten. Ho har Liv Pedersen som førebilete, reknar Takeover Ås som sin gjennombrotshest og ville gjerne ridd Nu Pagadi om ho fekk velja. Ho drøymer om å vinna løp på Solvalla, eller vinna under OGP eller Forus Open.
- Einaste ulempa med å være ung i montésporten er at ein ikkje får ri så mange løp for andre, på grunn av mangel på rutine. Hesteeigarane vil naturleg nok bruke dei meir rutinerte rytterne, seier Caroline.
Vektregelen er Caroline positiv til, og ho er nøgd med at alle no kan få ri autostart.
- Dersom eg fekk endra på noko, ville eg hatt ein uthaldstest for rytterane, slik galoppsporten har. Det er ikkje alle som klarer å stå løpet heilt ut, og då blir ein ukonsentrert og forstyrrer hesten sin rytme når han sjølv er trøytt, avsluttar Caroline.

 

Artikkelen er sakset fra www.travritt.no