Vurdering av monteløpet 14.januar

13.01.2010
Artikkelbilde
Nøkle Pål og Renate Aarlie blir en av forhåndsfavorittene i monteløpet på Bergen Travpark torsdag 14.januar

Montegruppen på Bergen Travpark har foretatt en sjansevurdering av de deltagende hestene i monteløpet, dagens 1.løp. Vurderingen er skrevet på nynorsk.

Stall Guttene Fra Bergens montéløp for kaldblodshestar, 14.01.10 Bergen Travpark

 

Vurdering av hestane:

 

6 Nøkle Pål har vist god form i det siste, og står med to strake sigrar i monté. Det ligg til rette for at han tek sin tredje strake i dette løpet, sjølv om han har fått 20 meter ekstra tillegg. 5 Rei Spika gjekk godt mellom galoppane i forrige montéløp. Utan galopp vil ho vera ein utfordrar til Nøkle Pål. 3 Dagsvinni har deltatt i to montéløp og har gått bra i 1600 meter då, så ho skal reknast langt framme i dag. 7 Espe Viktor har tidlegare vore god i monté, no har han selskap heile vegen og kan kjempa om sigeren. 4 Gil Rau Jo var ikkje som best sist montéløp, men har vist at han kan og har nok fordel av distansen. 1 Dag Jørn fekk premie forrige montéløp og kan nok gå endå fortare på sprint. Har fordel av at han står på strek, kan kjempa om trippelplass. 2 Bravo Best har ikkje vist noko i monté, og må gjera det før han skal reknast med noko god sjanse.

 

 

 

Rangering:                           6 – 5 – 3 – 7 – 4 – 1 – 2

”Hjalmars” rangering:           6 – 3 – 7 – 5 – 4 – 1 – 2

Renate Aarlies rangering:    6 – 5 – 3 – 7 – 4 – 1 – 2

 

Kommentarar:

 

1. Dag Jørn: Me satsar på premie, seier rytter Victoria Steine. Me satsar på feilfritt løp, seier eigar Ida Jakobsen.


2. Bravo Best: Eg kjenner ingenting til hesten. Håper på feilfritt og premie, så er me vel nøgde, meiner rytter Lene Bjånes Indrevær


3. Dagsvinni: Hesten har vist lite for tida, så best mogeleg premie gjeld, fortel rytter Julie Eikås. Det er best mogeleg premie som gjeld, meiner eigar Morten Almeland Pedersen.


4. Gil Rau Jo: Eg skal prøve å ri frå start, og håper på ein fin premie, seier rytter Evy Katrin Teigen


5. Rei Spika: Ho gjekk godt mellom galoppane forrige montéløp, og formen skal vera ok. Utan galopp bør ho kjempa om trippelplass, seier rytter Charlotte Steine


6. Nøkle Pål: Han står 20 meter dårligare til enn sist. Då var det dog lenger distanse. Hesten er i toppform og er med å gjera opp om sigeren, meiner rytter Renate Aarlie


7. Espe Viktor: Har hatt ein liten pause, håper på feilfritt løp og best mogeleg premie, seier rytter Caroline L.B. Morken