Vurdering av monteløpet 28.januar

27.01.2010
Artikkelbilde
Roussaeu Detain er en av 4-5 vinnerkandidater i torsdagens innledende løp.

Nok en gang har montegruppens driftige medlemmer tatt jobben med å hente inn og lage spilldrivende informasjon til monteløpet som går som torsdagens 1.løp. Vurderingene er skrevet på nynorsk.

Investor G.T.s montéløp, 28.01.10 Bergen Travpark

 

Denne gongen er det ei spennande startliste til torsdagens montéløp. Berre 10 hestar er meldt, men det er mange som kan vera med å kjempa om sigeren. 9 News Wind har gått mange gode montéløp, tatt fleire sigrar på sterke tider. Sjølv med 40 meter tillegg vil han vera ein god kandidat til å kjempa om sigeren. Han er nok ikkje ute på reise utan grunn. 10 Rousseau Detain leverte ein kruttsterk montédebut i november. Den gong var det sprint. 60 meter tillegg vert vanskeleg å henta med gode hestar på strek og tillegg, men prestasjonen sist gjer at han skal reknast med sjanse likevel. 1 Magic Star D.K. gjekk prøveløp åleine på 1.19,6. No står han flott til på strek og kan leda lenge. 7 Maitre Titan vant på sterke 1.15,3 på sprint på Forus i november, er nok best på sprint, men om formen er tilbake så skal han reknast med sjanse. Starten på Forus 26. januar bør sjekkast. 8 Takeover Ås er ute etter lang pause. Har vist at han kan i monté og bør av den grunn reknast med sjanse, må kanskje ha løp i kroppen. 5 Super Victor står utan siger i monté, men har gått fleire gode løp. Kan overraska på ein god dag, kan kjempa om trippelplassering. 3 Giant Augustinu hang med til femte i sin montédebut, gjekk 1.17,5 då, er hovudsakleg premiekandidat. 2 Vilnius Rider er ein nykommar i monté. Gjekk 1.23,8 åleine i prøveløpet. Har fordel av å stå på strek, men kjemper i fyrste omgang om premie. 6 Thai Sunshine har gått eitt montéløp tidlegare og gjekk 1.17,4 på sprint då. Kjemper om premie. 4 Sweet And Deliberate debuterer i monté og skal vera nøgd med premie.

 

Hjalmar'ens tips:

 

Veldig spennende felt denne gangen der jeg synes fire hester skiller seg litt ut. 10 Rousseau Detain var enorm i montédebuten og har vist fin form i sulkyløpene i det siste. 60 meter tillegg er mye, men han drar trolig fordell av full distanse og blir min favoritt. 8 Takeover Ås står 40 meter foran favoritten, men har ikke startet på fire måneder og trenger muligens løp - har dog vist voldsom kapasitet under sal og er hovedopponent. 9 News Wind står med rusten rad, men denne hesten slo montédronningen Queen of My Heart fra likestart i fjor og kommer garantert ikke over fjellet uten ambisjoner. 1 Magic Star D.K. er ustartet i monté, men leverte et fint prøveløp. Renate Aarlie sitter på mye av nøkkelen til løpet og kan bli vond å hente inn om hun drar friskt unna i front. 7 Maitre Titan har stor fart når han fungerer, men er nok best på sprint og plasseres derfor utenfor tipslinjen min.

 

Rangering: 9 – 10 – 1 – 7 – 8 – 5 – 3 – 2 – 6 – 4

Hjalmar'ens rangering: 10 – 8 – 9 – 1 – 7 – 5 – 3 – 6 – 2 – 4

Stine-Beate Hjartholms rangering: 10 – 9 – 7 – 8 – 2 – 1 – 3 – 4 – 5 – 6

 

Kommentarar:

 

1. Magic Star D.K.: Magic Star D.K. Prøver seg i monté for første gong. Gjekk 19,6 åleine i prøveløp. Det er best mogeleg premie som gjeld, meiner rytter Renate Aarlie.

2. Vilnius Rider: Har ikkje ridd han i løp før, men håper på best mogeleg premie, seier rytter Oda Mykkeltvedt.
3. Giant Augustinu: Eg kjenner ikkje til hesten, seier rytter Camilla Sund. Giant Augustinu gjekk 1.17 når eg rei ho og var fin då. Ho er ein travsikker og fin montéhest. Står hos stall Wassberg no, så formen kjenner eg ikkje til, fortel tidlegare rytter Caroline Morken.
4. Sweet And Deliberate: Premie blir siger for oss,  fortel rytter Lene Bjånes Indrevær.

5. Super Victor: Han står vanskeleg til på 20 meter tillegg, og møter mange bra hestar. Denne gongen er det feilfritt og best mogeleg premie som gjeld, meiner rytter Hege Karin Arverud.
6. Thai Sunshine: Hesten gjekk greit forrige montéløp. Det er best mogeleg premie som gjeld, seier rytter Julie Eikås.
7. Maitre Titan: Maitre Titan var bra for meg forrige montéløp. Me møter bra motstand, men han skal i følge eigaren halda god form. Han er trippelaktuell, meiner rytter Anette Selliken.
8. Takeover Ås: Han har hatt lang pause no, så det viktigaste er at han fungerer. Det blir spennande å sjå, men det hadde sjølvsagt vore kjekt med ein premie, seier eigar og rytter Caroline Morken.
9. News Wind: Eg har ambisjonar med News Wind, det er ein svært god hest på sitt beste. Formen skal vera betre enn raden, og feilfritt bør han kunna kjempa der framme. Eg har respekt for eit par av konkurrentane, men News Wind bør vera på høgde med dei, trur rytter Mette R. Nyløkken.
10. Rousseau Detain: Han gjekk eit fantastisk montéløp i debuten. Då var det sprint. 60 meter er vanskeleg å henta, spesielt om hestane lenger framme går fort. News Wind kjem nok ikkje utan grunn, det er ein god montéhest. Rousseau Detain gjekk så godt sist at han bør vera med å kjempa om trippelplass igjen, seier rytter Charlotte Steine.